Stem SV – for barnevernet si skuld!

Foto: Stig Weston Oddny skriver om sin hjertesak og om hvorfor det er nettopp SV som tar ansvar for å styrke barnevernet når de er i regjering

Oddny Miljeteig er vår neste gjesteblogger. Hun er et fyrverkeri av ei dame med et sjeldent sterkt engasjement.

Oddny er sosionom og har i 12 år vært fylkessekretær i Fellesorganisasjonen i Hordaland. I dag er hun gruppeleder for SV i Bergen bystyret og medlem av landsstyret til SV.

Vi skylder også Oddny og si at hun er den mest entusiastiske nynorskbrukeren vi vet om!

I dette innlegget setter hun barnevernet på dagsorden og viser hvordan SV har gjennomført et enormt barnevernløft og fortsatt vil bidra til at sårbare barn får riktig hjelp til rett tid!

God lesning -husk å stem!

............................................................................................................

Overskrifta er litt feil. Men likevel rett. Det er sjølvsagt barnevernsborna det handlar om. Likevel: Skal barnevernsborna gjevast den beste omsorg og dei beste tilbod og tiltak, må barnevernet ha nok kompetente tilsette, nok tiltak å rå over – og oppslutnad blant politiske parti og i befolkninga. Då må barnevernet prioriterast. Mellom Matz Sandman og Audun Lysbakken var det ingen barnevernminister som sette barnevernet øvst på sin politisk dagsorden.

Det er påfallande for ei som har hatt barnevernet som politisk hjartesak i fleire tiår: etter at SV inntok Barnedepartementet, har barnevernet vorte politisk allemannseige. Og dei partia som ikkje har prioritert barnevernet når dei sjølve har site ved roret, dei har etterkvart stått i kø for å seia at regjeringa ikkje prioriterer barnevernet høgt nok.  Der dei sjølve sit i fleirtal i kommunestyra, der har dei ikkje prioritert barnevernet. Frivillig prioriterer ikkje norske kommunar barnevernet, plar eg seia.  Det er ein regel med få unntak. Og kan du seia meg ein politikar som har fremja barnevernet som si fremste prioriterte hjartesak? Eg har spurt i diverse forsamlingar av barnevernsarbeidarar når eg har hatt høve til det opp gjennom åra, og det har vorte drypande stilt……somme har nemnt Karin Andersen, sjølv om ho er «meir på fattigdom».  Og så har dei nemnt meg.  Sjølv om eg er lokalpolitikar.  Stortinget flyt ikkje over av barnevernspolitikarar – eller for den del av barnevernsparti. Det ser også fagfolk som står barnevernet nær. No mobiliserer Magne Raundalen, Kari Killen  og fleire med dei for at Inga Marte Thorkildsen må få fire nye år som stortingsrepresentant – i alle fall som stortingsrepresentant. For Inga Marte har sett utsette born øvst på sin politiske dagsorden. Og Audun Lysbakken sa frå fyrste stund som statsråd at barnevernet stod øvst på hans minister-sakliste.  Det har vist att i det kommunale barnevernet.

1000 øyremerkte stillingar til det kommunale barnevernet har kome med dei to SV-statsrådane i denne perioden. 1000 stillingar.  Regjeringa prøvde seg for 2010 med å auka dei frie midlane til kommunane for 2010 med merkelapp 400 stillingar for barnevernet – det vart det 110 stillingar av. Som sagt: Frivillig prioriterer ikkje kommune-Noreg barnevernet. Øyremerking måtte til. For 2011 øyremerkte regjeringa v/barnevernstatsråd Audun Lysbakken  400 stillingar, så 70 i tillegg i 2012 og altså 270 for 2013. Og no har Audun og Inga Marte kunngjort at det kjem 150 nye , øyremerkte stillingar for 2014 – viss denne regjeringas statsbudsjett står seg. 1000 stillingar – det er faktisk noko å skriva heim om – og det hjelper!

Eg er så frimodig at eg gjev SV æra for barnevernløftet. «Barn og unge først»! Framleis står mykje att å gjera i og for barnevernet. Direktoratifiseringa og byråkratiseringa av det statlege barnevernet må snuast slik at pengane går til born, unge og tiltak og ikkje til måling og rapportering.  Fleksibelt må barnevernet bli – i store og i små kommunar.  Uansett kor vi vrir og vender på det: folk bur også i små og grisgrende kommunar.  Det nyttar ikkje med organisatoriske A4-løysingar for barnevernet. Og det held ikkje med nullvekst. Det er eg viss på. Difor treng barnevernet og barnevernsborna eit parti som vågar å setja barnevernet fremst – og som om nødvendig byter bort andre prioriteringar for dei mest utsette borna si skuld. Det har SV gjort. Det vil SV gjera igjen.  Det er ein av grunnane til at eg stemmer SV og jobbar dag og natt for å få partiet over sperregrensa og Audun Lysbakken på Stortinget frå Hordaland.  Har du barnevernsborna og barnevernet i hjarta ditt, oppmodar eg deg til å gjera det same 9. september!

Oddny Miljeteig, sosionom og gruppeleiar for SV i Bergen bystyre

Blogglisten hits